Arvid Fløtre opplyser at ein ukjend katt har opphalde seg i Alleen/Boalthmarka i det siste. Den er folkekjær, og ikkje redd for noko som helst. Sjølv ein nærgåande plenklippar er den ikkje redd.

Problemet er at den vil inn i husa om dørene står opne.

Dersom folk ikkje veit at den har kome inn, kan den bli stengt inne i lang tid når folk reiser bort. Då kan den fort ende sine dagar på grunn av mangel på mat og drikke, skriv Fløtre i ein e-post til Fjordabladet.

Då vi skulle reise bort ein dag, måtte vi innom garasjen og sjekke noko før vi drog. Der hadde katten kome seg inn og gøymt seg bort. Heldigvis såg vi han og fekk han ut, skriv Fløtre som oppmodar dei som eig katten om å ta betre vare på den. Hvis ikkje kan den fort bli innestengt og ende sine dagar av mangel på mat og drikke.