Marit Sandnes Skrede hadde gått med draumen ein stund, då det blei opna opp for cruisekai på Nordfjordeid i 2018. Ho ville vise fram nordfjordsk historie, korleis livet, slitet og menneska har vore på ein gard midt i Nordfjord gjennom 200 år.

Men sjølv om dette var garden der ho vaks opp, var det likevel ikkje ein heilt vanleg gard. Eller eit heilt vanleg hus som ho eig i dag. Her har det nemleg vore både bustad og kontor for lensmenn, doktor, sorenskrivar og bank.

180 år gammalt hus

Det starta tilbake i 1843 då lensmann Steen fekk bygt dette huset på indre Skårhaug. I 1856 overtok lensmann Tyvold huset. I 1870 fekk Marit sin tippoldefar, Ole Johannesen, kjøpe huset og eigedomen som dei tidlegare hadde bygsla.

Saman med familien budde han i ei langt mindre nordfjordstove ved sidan av, medan dei held fram med å hyse embetsmenn i det store huset. Eit hus som er sett saman av fire nordfjordstover, og som ligg eit steinkast frå Eidsfjorden på indre Skårhaug rett utanfor Nordfjordeid sentrum. Her blei huset i si tid sett opp fordi det var kai nede ved sjøen, og dette var i tida før bilen og vegane var på plass.

– Rett her nede låg den første kaia på Nordfjordeid, så Skårhaug var nok ein svært sentral del av Nordfjordeid då på 1800-talet, seier Marit som hadde overteke barndomsheimen sin då ho i 2011 var på ferie i England.

– Vi kom til ein ærverdig gammal hage i Cornwall, eigd av ei dame som tok imot turistar i huset sitt. Eg spurde ho om å få sjå inne i huset, men svaret var at ho ikkje hadde kapasitet til å vise inn alle som ville sjå. Då var det eg fekk ideen om at Skårhaug kanskje kunne brukast til besøk. Eg ville vise fram huset og historia til turistar. Så då cruisekaia blei bestemt i 2018 fekk eg det som skulle til for å starte opp. Turistane skulle kome til Nordfjordeid, og eg hadde huset og historia eg ville vise fram, fortel Marit som gradvis har restaurert huset. Det handlar om å reparere taket og restaurere vindauga utvendig, og leite fram tidlegare tømmerveggar og tapet innvendig.

Eg vil fortelje om korleis folk levde før, om slitet og arbeidet.

I hagen på Skårhaug finn ein mange plantar og tre som har vore på plass gjennom fleire generasjonar. Foto: Inger Træen

– Eg vil leite fram att huset slik det har vore gjennom historia. På mi ferd har eg både funne vakre gamle tømmerveggar, mange lag med tapet og ikkje minst mange dokument som fortel om tida som har vore i dette huset, seier ho som den første cruisesommaren i 2019 tok imot over 300 gjester. Men så kom to år med korona, og ingen cruiseskip kom inn fjorden.

– Det vart ein brå stopp rett etter startfasen. Men i 2022 hadde eg over 300 cruisegjester. Det er slik at dei møter ein guide frå Geiranger & Nordfjord Cruise Handling på kaia. Så går dei ei kulturløype til gravhaugane på Myklebust og Eid kyrkje, før dei kjem ut hit til Skårhaug, seier Marit som då står klar med nysteikte sveler og kaffi.

Når cruisegjestane kjem inn døra blir det møtt med nysteikte sveler og ein kaffitår. Her er det Marit som er i sving, men til vanleg er det dottera Margrethe som held styr på kjøkkenet med maten som skal serverast. Foto: Inger Træen
Det er sett inn ny kjøkkeninnreiing, som dei har fått laga i gammal stil. Foto: Inger Træen

– Først får dei setje seg ned for å nyte kaffimaten litt i fred og ro. Etter det er det guiden som fortel om huset her og historia. Og sidan eg starta opp fire år sidan har eg motteke overveldande tilbakemeldingar frå dei som kjem. Gjestane er blide, interesserte og takksame for å få sjå inn ei eit slikt hus med ei så rik historie å vise til, seier ho som også denne sommaren har hendene fulle. Både med å ta imot turistar, og med å vidare ta vare på huset som ho har arva etter foreldra.

I denne stova er det dekka med kvit duk, koppar og fat som passar til huset. Dei raude tømmervegga dukka fram då Marit og familien fjerna fleire lag med tapet. Foto: Inger Træen

Gjester frå 36 cruiseskip

I år har ho booka inn gjester frå 36 cruiseskip, og har mellom anna fast besøk kvar tysdag, då skipa av typen Aida kjem til Nordfjordeid.

– Det er gjennom selskapet European cruiseservice eg får booka inn mine gjester. Dei er min kanal inn til cruiserederia, opplyser Marit.

Så er det også denne sommaren stillas opp etter veggane på huset, då ho skal byte ut ei takrenne av tre, samt reparere tak, byte ut vindskeier og vassbord og skrape veggar. Til det har ho fått 100.000 kroner frå Kulturminnefondet.

I sommar er det skifting av takrenna i tre, vindskeier og skraping, samt måling av husfasaden. Foto: Inger Træen
I sommar blir det både arbeid på huset, samstundes som cruisegjester frå 36 skip kjem på besøk. Foto: Inger Træen

– Stillaset står her og arbeid er på gang, samstundes som eg tek imot cruisegjester. Å vise korleis eg tek vare på huset er også ein del av det å fortelje historia til huset. Turistane som kjem vil få eit innblikk inn i korleis huset blei bygt for 280 år sidan, og at det er viktig å bevare historia til huset også inn i framtida, seier ho som har som mål å overlate eit hus i mest mogleg identisk stil til neste generasjon.

– Som femte generasjon i familien min her på Skårhaug, er eg eigar av dette huset no. Mi oppgåve er å ta vare på huset slik det er, leite fram mest mogleg av historia og huset sitt opphav. Slik at huset kan leve vidare for komande generasjonar, seier ho som trass mykje arbeid med huset, og mottak av turistar, ser på det heile som ein hobby.

Mi oppgåve er å ta vare på huset, så er det kjekt at andre har glede av å sjå det.

For Marit Sandnes Skrede er det viktig å halde på den stilen i huset som har vore gjennom generasjonar. Det meste av møblar og interiør i embetshuset på Skårhaug var på plass då ho overtok, men så har ho også supplert med ulike ting som ho har kjøpt på bruktbutikkar og loppemarknad. Foto: Inger Træen

– Eg har jobb som leiar for Frivilligsentralen i Stryn der eg bur med familien min. Det som skjer her på Skårhaug er hobby, og det er med stor glede eg tek imot turistar her i huset. Eg gler meg til kvar gruppe med cruiseturistar som kjem, og sit alltid att med ei god kjensle når dei fornøgde spaserer ned vegen etter besøket.

– Du veit at det var mykje slit for folket før i tida. Det var arbeid og lange dagar, og dei måtte vere kreative for å klare seg og få nok å leve av. Her var frukthagar og mine forfedrar levde av ulike typar arbeid ved sidan av gardsdrifta. Men mest av alt er eg stolt av mi eiga tippoldemor. Ho opplevde at svigerdottera døde, og sonen sat att med seks barn. Då blei det hennar oppgåve å ta vare på desse barna, ved sidan av sine eigne fem barn, og sjå til at dei blei vaksne og klarte seg. Ho blei heile 98 år gammal, og hennar styrke og mot er blitt mitt forbilde. Eg vil sjå til at huset får ei god framtid, og samstundes invitere inn. Eg gjer dette arbeidet med stor glede, seier huseigaren og turistvertinna på Skårhaug.