Av Sara Myklebust:

For ei spanande reise vi har hatt ilag. 40 år med inspirasjon! Men heldigvis var det ikkje kun oss to! Mor, far, fem systrer og fem brør var vi til saman! I tillegg til svært mange gode naboar i Remmedalen!

Mor Aud var tryggheita sjølv, og lærte oss barna det meste om mat, dyr og det å arbeide på ein gard. Det var gardsarbeid frå morgon til kveld, noko som i dag kan verke heilt fjernt, blei vi ikkje fullstendig utmatta, alle saman? For ein idyllisk oppvekst vi hadde, det var dyr, kaos og barn i alle retningar. Geitene var mine favorittar, seinare blei det hest som var ein klar favoritt.

Når lærte du å køyre hest, mamma, du veit, som lita jente, eller var du rundt 16, som meg? Nei, Sara, på denne tida var det ingenting som heitte opplæring. Vidare fortel ho om hesten på garden Furset på Stranda, Rugga heitte denne merra. Det var ho som var traktoren på garden. Mor Aud, som lita jente, var både lett til beins og sterk i kroppen, så ho fekk ofte som oppdrag å hente hesten i beite, og gjere den klar til arbeid.

For meg, Sara, var det alltid kjekt å kome til Stranda, det var jo der mor voks opp, og eg følte meg veldig heime hos tantene og onklane her, mor sine sysken, dei var jo alle like rolege, snille og gåvmilde som mamma. Ikkje minst likte eg fjella, dei nydelege Sunnmørsalpane. «Oppe på setra var eg heile sommaren, passa kynnja (kuene), stod opp kl. 5 om morgonen og melka. Etter sommaren var det å ta dei ned til gards igjen. Ja, og det kom mange friara, skal du vite, Sara – til og med opp til setra.»

Aud Myklebust er 80 år. Foto: privat

Ville bli jordmor i tidleg alder

Jordmor Aud, som dei fleste i heile Nordfjord kjenner ho som, visste svært tidleg at ho ynska å bli jordmor. Ein gong vi køyrde ilag til Ørsta sa mamma Aud: Her gjekk eg på husmorskule, Sara».

«Var det kjekt på husmorskulen, sikkert mykje nyttig kunnskap å lære, til vidare i livet?»

«Nei, kjære tid, dette var kun for å få alderspoeng slik at eg kunne gå vidare til sjukepleie så til jordmorskule!»

Fantastisk svar, dette er slik eg kjenner mi mor, tenkte eg og lo godt.

Roleg lynne, snill, men med ei veldig engasjert stemme når det er noko ho brenn for. For meg som lita jente var det svært inspirerande å vekse opp med ei slik mor, som klarte denne balansen svært godt; det å vere til stades med sine barn, samtidig gå på jobb. Ikkje minst når vi fekk vere med på Føden og sjå på dei nyfødde babyane.

Og når eg sjølv fødde mine to barn, saman med min mann Tomas, tok det ikkje mange timane før jordmor Aud var til stades for å hjelpe til. «No tek eg over Sara, du treng kvile deg». Det er slike betryggande ord som verkeleg er godt å høyre etter ein styrtfødsel.

Mi mor, jordmor Aud, har alltid vist stor respekt for menneskeliv, menneskeverd, og Guds store mirakel, som ho kalla kvar ein einaste fødsel. Når Føden på Nordfjordeid sjukehus vart nedlagt, blei dette dermed tungt for jordmora, endå ho då var på veg inni i pensjonsalderen.

Reiseliv i vårt blod

Ein stor lidenskap eg deler med begge mine foreldre, er reiseliv, framande kulturar, geografi og historie.

Ut av huset når eg var ferdig med vidaregåande, ut og sjå verda, lære språk og bli sjølvstendig. Kanskje er det dette som har definert vår relasjon mest, og skapt dei beste minna. Saman som familie, i det store utland, i møte med krig, konflikt, fattigdom og kontrastane til trygge Nordfjord.

Svært tidleg kunne eg alle sikkerhetsrutinene om bord på eit fly, og det å finne riktig gate på ein flyplass. Det å vite kven det var lurt å ta kontakt med ute i denne store vide verda, og kven styre unna.» Kor kjem dette genet frå, mamma, kvifor elskar vi eventyr, reising, nye ekspedisjonar?

«Det kjem nok frå begge mine foreldre, Mor Gunvor var guvernante i London og far Karl Johan jobba på båt ved Syd-Georgia.

«Kva er det største du har opplevd i livet då, mamma?»

«Å få alle dåkke 10 barna, det fellesskapet vi har hatt, og ja, det å få jobbe som jordmor for premature barn på Haydom i Tanzania, og ha privat MAF-pilot!»

Vi er så utruleg glade i deg, mamma, gratulerer med 80 årsdagen, 3. desember 2023, der vi systrene feira deg på hytta i Jotunheimen og eg las dette diktet til deg:

Endeleg skal vi få feire deg, mamma Utan mannfolk, støy og alle flaskelamma Dine 5 prinsesser har laga ramma På Furset var du høg rank og raskare enn resten Det var du som sprang i beite og henta hesten Eg er sikker på du sleit ut lesten

Denne helga fyller du 80 år Du har alltid passa på at vi ikkje hadde tronge kår 10 barn har du fødd, du med dine skrinnje lår

Håper hytteroen no kan senke seg, her treng ingen kava Vi kan drikke varm kakao og sjå på snøen som lava Etter ein tur i snøen med nye gode stava