– No har endeleg diplomet kome i hus. Dette var eit fint prosjekt å vere med på, seier Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør og dagleg leiar i Fjordabladet.

PRIS: NRK og 68 lokalaviser har fått mediepris som Årets nyskaping. Foto: Caroline Roka/MBL

I grunngjevinga til juryen heiter det: «Journalistikk skal beskrive, berette og begeistre. Journalistikk skal opplyse, informere og avdekke. Å drive undersøkende journalistikk kan for enkelte redaksjoner være vanskelig og altfor omfattende. Da blir samarbeid nøkkelen. Årets nyskaping er helt nytt i norsk målestokk. Når rikskringkasteren teamer opp med SUJO og 68 lokalaviser, samles kompetanse og journalistiske krefter til et journalistisk gigaprosjekt publikum over hele landet får utbytte av. Det undersøkende samarbeidsprosjektet «Den store folkevandringa» er historie om flyttestrømmene som sakte endrer landet vårt, og kan vise til over 600 saker fra redaksjoner over heile landet. Innholdsvolumet og journalistikken vi som brukere sitter igjen med er en gave. Samarbeid er nøkkelen til det meste – også i journalistikken.»

Foto: Anna Wuttudal

Dette skreiv vi

Fjordabladet vart altså ein av 68 lokalaviser – og den einaste i Nordfjord – som deltok på samarbeidsprosjektet. Vi hadde til dømes reportasje om: «Kvar blir dei unge av?», der vi såg på flyttemønsteret til nettopp dei unge.

Vi laga også reportasje om klasse 10D ved Eid ungdomsskule for 20 år sidan – og kvar dei vart av. 57 prosent av klassa flytte ut.

Vi hadde også reportasje med Ingrid Moss Kolseth som sa «Heime vil alltid vere Eid», om Karoline Hildenes som sa «Ikkje behov for å flytte andre stadar», medan Agathe Alsaker Hopland opplevde «bygdesladder som ubehageleg».

Vi skreiv også om at «Vågsøy er den store taparen», der vi samanlikna tilflytting og fråflytting i kommunane i Nordfjord. «-Vi må satse meir på å tiltrekke oss kvinner», sa Randi Humborstad i Måløy Vekst som svar på at Vågsøy slit.

Vi hadde også om «To systrer flytte heim – no opnar dei butikk» – om Cathrine Hoddevik og Lise Marie Hoddevik Beitveit som begge valde å flytte heim til Stadlandet – og opna butikk under same tak.

Vi skreiv også om «Blei koronafast – fann draumejenta» – om australske Dylan Storrie som kom for å surfe, men vart «stuck» i Norge då koronaen slo til. Så forelska han seg i plassen.

«Ungt firma lokkar til seg frå heile verda» skreiv vi også om. Vi syntest det var vel verdt ei sak at dei fleste tilsette i Stad Kystbygg på Stadlandet er heimflyttarar eller tilflyttarar.

Fjordabladet hadde også reportasje om fem damer på Stadlandet: «-Her har vi alltid budd – og her vil vi alltid bu».