– Det er ikkje sant at eigarar av veteranbilar prioriterer bilen framfor kona og familien.
Inger Træen inger@fjordabladet.no
Oppdatert:
Dette seier medlemmer av Nordfjord motorhistoriske klubb som på laurdag arrangerte «Cars and coffee» i Eidsgata. Eit høve til å møtes, stille ut bilar og ikkje minst snakke med andre bilnostalgikarar.
– Dette er ein hobby. Vi brukar ikkje all verda med tid på veteranbilen. Ikkje skrur vi eller pussar på den heile tida heller, seier leiar Yngve Kjørstad som sjølv har to veteranbilar som han eig. Ein Wolkswagen boble, 1968-modell, og ein Volvo PV frå 1957.
Laurdag var det 21 bilar utstilt ved Betania, og Nordfjord motorhistoriske klubb har i dag rundt 60 medlemmer.