Startar ny restaurant på Nordfjordeid

Natas Thaimat startar opp igjen – i ny drakt på Nordfjordeid.

NY PLASS: Natas Thaimat skal etablere seg i same lokale som tidlegare Bryggen Hotell på Nordfjordeid. Dei opnar i april.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi saknar å drive restaurant, etter å ha drive Natas Thaimat i ti år i Måløy. Vi saknar kundane våre, og ønskjer å fortsette å lage forhåpentlegvis god mat, fortel Natasruong Khunson Beitveit og Roger Beitveit til Fjordabladet.