Smittesituasjonen i skule og på omsorgssenter

To nye elevar er smitta

To nye elevar er koronasmitta ved Nordfjordeid skule. Det gjeld ein elev i klasse 1B og ein i 4B. – Så er det gledeleg at vi ikkje har noko meir smitte ved Hogatunet, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

TO NYE ELEVAR: Det er stadfesta at to nye elevar ved Nordfjordeid skule er smitta av korona, medan ein ikkje har fått nokon ytterlegare smitte ved Hogatunet, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det eg ønskjer meg mest til jul er at folk er flinke og testar seg.

Nyhende

Sist veke vart det kjent at fem bebuarar og ein tilsett på avdelinga «Fossen» ved Hogatunet bu- og behandlingssenter på Nordfjordeid var smitta av korona.