Barbro Os Noste, hovudtillitsvald i Fagforbundet, med spørsmål til politikarane:

– Kva er det vi ikkje skal gjere?

– Vår konklusjon, etter den politiske handsaminga av budsjett og økonomiplan i finansutval og formannskap, er at kommunedirektøren sitt framlegg er det vi vil råde politikarane til gå for.

Meir konkrete: Tillitsvalde frå Fagforbundet, Sissel Solheim (t.v.) og Barbro Os Noste følgde budsjettdebatten i finansutval og formannskap. – Politikarane veit like godt som oss at innsparingar betyr stillingskutt, noko som betyr at tilsette må utføre dei same oppgåvene med færre folk. Det går ikkje på sikt, derfor må vi kunne forlange at politikarane seier kva tenester vi ikkje skal gjere, sa hovudtillitsvald i Fagforbundet, Barbro Os Noste til Fjordabladet. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Barbro Os Noste, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Stad, til Fjordabladet. Os Noste får også delvis medhald av Vigdis Heimdal Reksnes, lokallagsleiar i Utdanningsforbundet, som er tydeleg på at for 2022, så er kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett det mest realistiske.