Pavelich-familien byr på seg sjølv - 7 av 8 er på same scena i helga

- Det er veldig stas å vere heime og delta på dette, seier Martha Pavelich.

Sju av åtte i familien Pavelich deltar på konsertane i Operahuset i helga. Her er f.v. Simon, Michael, Kari, Alexander, Agnes, Martha og Paul.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Familien Pavelich stiller mannsterke under Opera Nordfjord sin store julekonsert i Operahuset i helga. Sju av åtte i familien står på scena: pappa Michael som dirigent og konferansier, mamma Kari og dotter Agnes i orkesteret, Martha, Paul og Simon i operakoret og storebror Alexander som solist.