Budsjett i ei vanskeleg tid

Geir Årvik (ståande) kjem her med synspunkt rundt Stad kommune sitt budsjett.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Stad Høgre har levert eit budsjettforslag saman med Stad Venstre som fleirtalet i gårsdagens formannskapsmøte stemde for. Forslaget inneheld IKKJE auke i eigedomsskatt på bustad og heller ikkje skatt på næring, noko som er den største skilnaden på vårt forslag og forslaget frå Kommunedirektøren. Dessverre måtte vi konstatere at Stad AP ved å fremje Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg, braut den skriftlege avtala som vart inngått mellom V, AP og H etter kommunevalet i 2019.

Vi er klar over at vi tek ned inntekstssida i kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett med kr 2,9 millionar i 2022 (nei til auka eigedomsskatt på bustad) og ytterlegare kr 4 mill i 2023 (skatt på næring). Dette finansierer vi gjennom auka bruk av disposisjonsfond og større kutt enn det kommunedirektøren legg opp til i sitt budsjett for åra 2023 og framover.

Dette gjer vi IKKJE fordi vi er uansvarlege. Tvert imot, ytterlegare auke i skatt på bustad vil for mange vere svært belastande. Særleg no som straumprisane når stadig nye høgder. Skatt på næring har vi i Høgre sagt vi ikkje skal innføre. Dette var eit sentralt punkt i den skriftelege samarbeidsavtala mellom Venstre, Høgre og AP etter siste kommuneval. Saman med Venstre meiner vi at skatt på næring er eit dårleg verkemiddel for å skaffe inntekter. Skatt på næring vert berekna utfrå næringareal og ikkje utfrå overskot i bedrifta. Mange bedrifter i Stad har store næringsareal, men med marginal inntjening. Desse bedriftene betalar allereie mykje til felleskapet. Både gjennom sysselsetting og betaling av skattar og avgifter. Difor meiner vi at vi må sjå på alle andre mogelegheiter før ein skal belaste private og bedrifter med ytterlagare skattar. Vi er heilt avhengige av eit næringsliv i utvikling og med vekstmogeleheiter om vi skal oppretthalde Stad som eit livskraftig og trygt samfunn.

Så har vi full forståing av at dette ikkje vert ei enkel oppgåve for dei tilsette i Stad kommune. Utgiftene må ned, samstundes som vi skal ha både kvalitet i, og nærleik til, tjenestene. Vi har stor tiltru til at kommunedirektøren gjennom den jobben som no skal starte med å sjå på strukturelle og organisatoriske forbetringar i heile organisasjonen vil gje resultat. Så får vi som politikarar støtte opp under desse prosessane og i neste runde sjå på andre inntektsmogelgeheiter enn å belaste vanlege folk (dei fleste av oss er det) og næring med ytterlegare skattar på eigedom.