Nordfjord står meir samla enn før

Nyleg avtroppa leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo overlet eit regionråd som har samarbeidd godt dei siste åra.  

Nyhende

‒ Nordfjord har dei siste to åra lukkast med å stå meir samla enn tidlegare i viktige politiske saker inn mot fylke og nasjonale styresmakter: Felles innspel til ny NTP, felles innspel til nasjonal nærings- og reiselivspolitikk knytt til korona, felles innspel til Vestland fylke om kompetanse-/utdanningsbehov og andre planar og strategiar i Vestland. Dette kjem fram i nyleg avgått leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo si oppsummering av status for regionrådet.