Inviterte til festmiddag med lokale råvarer

Rundt 20 elevar ved Eid ungdomsskule inviterte til trerettars middag laga av lokale råvarer.

HAUSTGILDE: Elevane som tar valfaget arbeidslivsfag ved Eid ungdomsskule inviterte gjestar til haustgilde torsdag sist veke. Der stod tre rettar på menyen, og gjestane kunne fortelje at det smakte svært godt. Det var nok mange som var mette i lang tid etter dette måltidet.  Foto: olin maria yri

Nyhende

Haustgilde har begynt å bli ein tradisjon ved Eid ungdomsskule, og torsdag gjekk det igjen av stabelen. Rundt 20 elevar på 9. trinn som har valt arbeidslivsfag som valfag var i full sving frå tidleg om morgonen til ut på ettermiddagen. På menyen torsdag stod det fiskesuppe med tre ulike fiskar på menyen, sjølvsagt frå Eidsfjorden. Som hovudrett fekk gjestane hjortegryte med hjort frå jegerane i Nordfjord. Til dessert hadde elevane laga til dessertbuffé med både rullekake, kake, vaflar, marengs og is, alt dette også laga med lokale råvarer. I tillegg var det velkomstdrink og ulike typar saft, også her var bæra lokale. Årets fokus var nemleg lokalmat, og elevane hadde fått god hjelp av foreldre og familie med dei lokale råvarene.