Vore høgt på ønskjelista til Malakoff

Spelar sin første festivalkonsert i Norge på mange år

Fredag vart det klart at Sondre Justad og Daufødt spelar på Malakoff i 2022. Tysdag vart eit amerikansk stonerrockeband klar.

Det amerikanske bandet Clutch spelar sin første festivalkonsert i Norge på mange år når dei står på scena under Malakoff til sommaren.   Foto: Dave Brodsky/presse

Nyhende

Fredag vart det klart at den norske artisten Sondre Justad speler på Malakoff neste sommar. Sondre Justad har hatt ei pause, men er no tilbake og har så langt i år kome ut med singlane «Sorry (feat. Musti)» og «Chill litt». Den norske artisten, som sist spelte på Malakoff i 2017, er også kjend for låtar som «Riv i hjertet» som har over 19,4 millionar streams på Spotify og «Ikke som de andre» med over 17,5 millionar streams.