Fleire produkt i serien Teikn

Lokal designar bak nytt frukostsett med hjartespor

Designar Steinar Engeland er ute med nye produkt i serien Teikn. Denne gongen er det frukostsett med hjartespor, og krus med fleire tusen år gamle helleristningar frå yst i Nordfjord.

HJORTESPOR TIL HJARTESPOR: Hellesristningane i Vingen er sterkt prega av at hjorten var viktig for å overleve som jaktfolk. På dette frukostsettet er det hjortespor som har blitt til hjartespor. Designar Engeland beskriv helleristningane som steinaraldertida sin gatekunst. Det som blei laga på bergveggen var ein viktig bodskap for menneska i den tida.   Foto: Inger Træen

Nyhende

For halvanna år sidan lanserte Steinar Engeland i designfirmaet Byrr på Nordfjordeid dei første produkta i serien Teikn. Då var det smykke med rissa hjortar på. No er han klar med det første frukostsettet i serien som hentar inspirasjon frå fleire tusen år gamle helleristningar frå Vingenfeltet yst i Nordfjorden. Seinare Engeland er designar/fotograf/konseptutviklar og kreativ leiar ved designbyrået Byrr på Nordfjordeid.