Meining

Skryt til Alfred Bjørlo

Ser av oppslag i media at Alfred Bjørlo har stilt olje- og energiministeren spørsmål om kva planer ho og regjeringa har for utbygging av havvind utafor våre område, nærare bestemt dei to felta Olderveggen og Frøyagrunnane.

Geir Oldeide.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ser av oppslag i media at Alfred Bjørlo har stilt olje- og energiministeren spørsmål om kva planer ho og regjeringa har for utbygging av havvind utafor våre område, nærare bestemt dei to felta Olderveggen og Frøyagrunnane.

Bjørlo peikar i spørsmålet sitt på at desse områda er viktige fiskefelt. Eg kan for eigen del legge til at områda kanskje er endå viktigare som gytefelt. I tillegg kjem konflikta(ne) i høve naturvernområda på Veststeinen og Klovningen. For ikkje å snakke om ferieparadiset Vetvika.

Så honnør til Alfred Bjørlo for å løfte dette og krevje svar av den nye regjeringa.

Men eg lurer på om det er bevisst eller om det skjedde ein glipp når Bjørlo ikkje nemner det planlagde feltet Stadthavet. Dette er det tredje utpeika området utanfor Sogn og Fjordane og er tre gonger så stort som dei to andre til saman. Når eg seier tre gonger så stort så gjeld det forventa produksjonskapasitet. Men i og med at dette skal vere eit såkalla flytande anlegg, eg likar å kalle det oppankra anlegg, så vil det etter mi forståing måtte legge beslag på vesentleg meir enn tre gonger arealet for å få tre gonger så stor produksjonskapasitet. Dette fordi når slike store turbinar skal ankrast opp så må dei tilliks med flytande petroleumsinstallasjonar ha lange ankerkjettingar i alle retningar med dertil sikringssoner.

Når Bjørlo skriv at havvind må flyttast lenger til havs der det er mindre konflikt med fiskeriinteressene så kan jo det tyde på at han meiner dette anlegget bør byggast. Meiner du det, Alfred Bjørlo? Tenkjer du og Vestre at dette er eit anlegg som er mindre i konflikt med fiskeria enn dei to andre som du har nemnt i spørsmålet ditt? Kan det vere at det er ”ute av syne – ute av sinn” som gjer seg gjeldande då dette kjempesvære anlegget skal leggast 30 nautiske mil frå kysten?