Smittesituasjonen

34 positive prøver i Helse Førde siste fire dagar

Av 334 analyserte covid-19-prøver dei siste fire var 34 positive.

Helse Førde HF melder om 34 positive koronaprøver dei siste fire dagane.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

‒ Smittetala på koronavirus er aukande, også i området til Helse Førde. Så langt har ikkje dette ført til nemnande auke i tal innleggingar med covid-19. På same tid er også mange ungar smitta med RS-virus, noko som dei siste vekene har ført til stort press på barne- og ungdomsavdelinga.