Selje i utvikling

Det kan bli kaianlegg ved Hamreosen

Tysdag inviterte Stad kommune og Stad Vekst til ope møte på Stad hotell der tema var næringsutvikling gjennom masseplassering.

HAMNEOMRÅDE: Slik ser Seljevågen AS føre seg ei mogeleg utvikling av hamneområde i Selje: 1. Seljevågen – utvida kapasitet for fritidsbåtar og mindre næringsfartøy, særleg for turisme. 2. Næringsområde v/Seljevegen. 3. Ny vegforbindelse til Hamreosen. 4. Kaianlegg v/Hamreosen. 5. Prosjekt Måseneset v/Bjarne Krakereid. 6. Potensielt område for bustadtomter. 7. Kyststi frå Reidet til Nabben. 8. Legge til rette for fritids – og rekreasjonsområde rundt Hamreelva og i strandsona. 9. Mogleg utviding av området som kan nyttast til bustadformål, servicenæring m.m. 

Nyhende

Bygginga av Stad skipstunnel vil innebere at det blir enorme mengder steinmasse tilgjengeleg, noko som kan nyttast til etablering av næringsareal, moloar og kaianlegg.