No er det sendt ut to nye gule varsel

Det er sendt ut nye gule varsel for deler av Vestlandet fredag og laurdag.

  Foto: skjermdump frå varsom.no

Nyhende

Ifølgje varsom.no og Yr er det sendt ut gult varsel for flaumfare for deler av Vestlandet og Trøndelag. Årsaka er at nedbøren er forventa å halde fram utover fredagen, og vassføringa er venta å auke i bekkar og elvar på grunn av mykje nedbør. Dette kan føre til lokale overfløymingar.

Snøgrensa er forventa å ligge på rundt 400 til 600 meter over havet.

Alle vert oppmoda å sikre og flytte verdiar bort frå utsette område, som til dømes kjellarar, bilar, campingvogner og liknande langs elvar og bekkar. Rens stikkrenner, kummar og andre vassvegar for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renne uhindra.

Hold deg unna elv og bekk med stor vassføring.

Jordskred

Det er også sendt ut gult varsel for jordskredfare for deler av Møre og Romsdal og Vestland fylkes. Det er venta nokre jord- og flaumhendingar, også enkelte store hendingar kan skje. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengt