Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd, etter budsjettorientering:

– Innfør eigedomsskatt på næring

‒ For å unngå store strukturelle endringar, og moglege nedleggingar av tilbod i Stad kommune sine tilbod innan helse- og omsorgssektoren, må vi auke inntektene. Mitt forslag er å innføre eigedomsskatt på næring.

Overraska: Lars Svein Drabløs (nummer to frå venstre) overraska nok dei fleste då han under møtet i Stad Eldreråd kom med råd til politikarane om auke inntektene til kommune ved å innføre eigedomsskatt på næring. Rådet kom Drabløs med etter at kommunalsjef Barbro Longva (ståande) hadde orientert medlemmane i Eldrerådet om den svært krevjande økonomiske situasjonen. Gunnvald Ludvigsen (V), som er kommunestyret sin representant i rådet, var like klar på at han ikkje kunne gå med på det rådet Lars-Svein Drabløs la på bordet. Begge foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det sa leiar i Stad Eldreråd, Lars-Svein Drabløs, i etterkant av at kommunalsjef Barbro Longva hadde gitt ei kort orientering om det nyleg framlagde konsekvensjusterte budsjettet for Stad kommune.