Familiebedrifta Selje Trevare selt til Bygger’n

– Viktig å sikre vidare drift

– Då vi bestemte oss for å forsøke å få til eit sal av aksjeselskapa Selje Trevare og Selje Trevare Eiendom, var det avgjerande for oss å sikra vidare drift i Selje, og at eigedomsmassen blei teke godt vare på.

Selde: Vidar og Bjørn Berge. Vidar (t.v.) har fram til for to veker sidan vore dagleg leiar i Selje Trevare AS, Bjørn Berge har vore dagleg leiar i Selje Trevare Eiendom AS. For to veker sidan selde dei bedrifta som vart starta av far til Bjørn for 74 år sidan. – Litt vemodige er det, men for oss har det vore aller viktigast å sikra at verksemda blir i Selje, seier Bjørn Berge. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Bjørn Berge, tidlegare dagleg leiar i Selje Trevare Eigedom AS, som saman med Vidar Berge, tidlegare dagleg leiar i Selje Trevare AS, selde den 74 år gamle familieverksemda til Bygger’n.