Leiar

Operaeventyret med ellevill framsyning

Operaeventyet med ellevill framsyning  Foto: Inger Træen

Alle dei frivillige er viktige brikker for operaeventyret i Nordfjord.

Nyhende

Onsdag var det igjen duka for premiere for Opera Nordfjord si haustoppsetting – denne gong ei norgespremiere i musikalversjon av «Jorda rundt på 80 dagar».

Her er det duka for eit fyrverkeri av musikk, fargerike kostyme, kulissar og stemning frå heile verda.

På scena står åtte solistar og eit operakor på 31 – og ikkje minst ni lokale unge som har gått den proffe vegen etter oppvekst på Nordfjordeid og som satsar innan bransjen.

Operasjef Kari Standal Pavelich kallar årets oppsetting både ein musikal, operette, musikketatar eller opera. Det er ei god samansmelting av alle dei ulike sjangrane, så her skulle det vere litt for ein kvar smak.

Det er ikkje sjølvsagt at ei slik krevjande oppsetting vert servert på sølvfat her midt i Nordfjord. Bak står ein gjeng som i si tid drøymde ville drøymar om å få opera ut til folket.

Det ligg eit omfattande arbeid bak, og utan alle dei frivillige som stiller opp år etter år hadde ikkje Opera Nordfjord eksistert.

Alle dei frivillige er viktige brikker for operaeventyret i Nordfjord, frå den som kokar kaffi, syr kostyme, byggjer kulisser, sminker eller er vertskap når ein kjem som gjest på framsyning.

Så kan vi glede oss over å oppleve frå scena dei aller høgaste tonane i skalaen, eller å sjå kjente lokale ansikt synge og danse rundt på scena.

I år er det spesielt ettersom landet er gjenopna, og vi i vesle Nordfjord kan oppleve opera igjen i ein fullsett operasal. Her vil det gnistre på scena.

Tvi, tvi til alle aktørar på og bak operascena.