Ingen nye positive prøver

For andre gong denne veka melder Helse Førde om berre negative prøver.

Helse Førde har i løpet av dei siste åtte dagane analysert 1191 prøver og åtte har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 155 prøver og alle var negative, viser helseføretaket sine oppdaterte tal torsdag. Dette er andre dagen så langt denne veka at Helse Førde melder om berre negative prøver. Einaste dag med positiv prøve er tysdag, då vart 180 prøver analysert og ei var positiv. Den positive prøva vart tatt i Sunnfjord.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom onsdag 22. september og onsdag 29. september, har Helse Førde analysert 1191 prøver. Av desse har åtte prøver vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 23. september, fredag 24. september og laurdag 25. september med to positive prøver.

Onsdag 22. september: 0 nye av 204 analyserte prøver

Torsdag 23. september: 2 nye av 158 analyserte prøver

Fredag 24. september: 2 nye av 221 analyserte prøver

Laurdag 25. september: 2 nye av 96 analyserte prøver

Søndag 26. september: 1 ny av 46 analyserte prøver

Måndag 27. september: 0 nye av 131 analyserte prøver

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar på sjukehusa i Helse Førde.