Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve etter at 180 prøver vart analysert tysdag. Dette er den første positive prøva denne veka.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1445 prøver og ni av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 180 prøver og ei av desse er positiv. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag. Den positive prøva var tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er den første positive prøva så langt denne veka. Måndag vart 131 prøver analysert, og alle var negative. Sist ei prøve var positiv var søndag, og då var ei av 46 analyserte prøver positiv. Denne vart også tatt i Sunnfjord.

Ni positive

Ser ein tilbake på dei siste åtte dagane, mellom tysdag 21. september og tysdag 28. september har Helse Førde analysert 1445 prøver. Av desse analyserte prøvene har ni prøver vore positive. Torsdag 23. september, fredag 24. september og laurdag 25. september er dagane med flest positive prøver i denne perioden med to positive prøver. Både onsdag 22. september og måndag 27. september har Helse Førde meldt om berre negative prøver.

Tysdag 21. september: 1 ny av 409 analyserte prøver

Onsdag 22. september: 0 nye av 204 analyserte prøver

Torsdag 23. september: 2 nye av 158 analyserte prøver

Fredag 24. september: 2 nye av 221 analyserte prøver

Laurdag 25. september: 2 nye av 96 analyserte prøver

Søndag 26. september: 1 ny av 46 analyserte prøver

Måndag 27. september: 0 nye av 131 analyserte prøver

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.