Eit meir attraktivt Nordfjordeid sentrum

No skal Nordfjordeid gjerast endå meir attraktivt.

STADUTVIKLING: Stad kommune er ein av 16 kommunar i Vestland som får tilskot til stadutvikling. Pengane går til å gjere Nordfjordeid meir attraktivt.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Stad kommune får 400.000 kroner i tilskot til stadutvikling. Dei er ein av 16 kommunar i Vestland som får tilskot til stadutvikling i år, og det er Vestland fylkeskommune som fordeler nær 4,5 millionar til attraktive stadar.