Steinras ved tunnel - ein bil treft av stein

Ein bil skal ha blitt treft av stein, melder Vest politidistrikt.

Det er meldt om steinras ved rv 15 ved Midthjell. 

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt på Twitter er det tysdag ettermiddag meldt om steinras på Rv 15 ved Midthjell, vest ved Vindfyllatunnelen, i Stad kommune. Politiet fekk melding om steinraset rundt klokka 16:55.

Ein bil skal ha blitt treft av stein, men ingen er skadd, melder politiet, som er på staden.

– Det har gått eit ras og det er ein som har fått stein i bilen. Vedkomande er ikkje skadd. Det ligg ikkje stein i vegbanen og minimale skadar på veg, men det er skade på eit autovern. Vi har entreprenør på veg som vil ta ei vurdering. Inntil han er på plass så held vi vegen stengt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algerøy, til Fjordabladet.

– Er det fare for fleire ras?

– Vi kan ikkje seie sikkert om det vil gå fleire ras, difor har vi entreprenør på veg, seier operasjonsleiaren.

Klokka 17:47 melder Vest politidistrikt at Mesta er på staden for å vurdere faren for nye ras. Vegen er altså stengt inntil vurderinga er klar.

Klokka 18:37 melder Vegtrafikksentralen vest at politiet har drive manuell dirigering, og vegen vert opna innan kort tid.