99,8 prosent av stemmene er talt opp: Her kan du sjå valresultatet i Nordfjord

Sp og Ap med flest stemmer i Nordfjord

I Nordfjord er det Ap og Sp som har fått flest stemmer i dei ulike kommunane, etter at 99,8 prosent av stemmene er talt opp.

I Nordfjord har Sp og Ap gjort det godt under årets Stortingsval etter at 99,8 prosent av stemmene er talt opp. Her er Erling Sande, som opphavleg kjem frå Davik og som no er busett på Vereide i Gloppen kommune, og er Senterpartiet i Sogn og Fjordane sin 1.-kandidat til Stortinget.   Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Når 99, 8 prosent av stemmene er talt opp har Senterpartiet flest stemmer i Stad kommune. Sp ligg på rundt 30 prosent, og deretter kjem Arbeidarpartiet med 16,5 prosent oppslutning. Samanlikna med valresultatet for fire år sidan har Ap ei auke på 3,4 prosentpoeng. Framstegspartiet har 16 prosent av stemmene.