Diskusjonen er i full gang om kven som blir ny Stad-ordførar

Både Gunnar Silden og Helle Frogner har signalisert at dei stiller seg til disposisjon til å bli ny ordførar i Stad etter Alfred Bjørlo.

Diskusjonen er i full gang over kven som blir ny ordførar i Stad. T.v. Gunnar Silden stiller seg til disposisjon for å overta ordførarstolen til Alfred Bjørlo, om Venstregruppa vil det. Gunvald Ludvigsen meiner det er lite sannsynleg at det vert han. Også Helle Frogner er aktuell.  Foto: Ill.foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Tidlegare i dag var det klart at Alfred Bjørlo får den siste stortingsplassen frå Sogn og Fjordane. Dermed er jakta etter ny ordførar i Stad i full gang.