Tre nye positive prøver

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 256 prøver vart analysert torsdag. Så langt denne veka har sju prøver vore positive.

Helse Førde har dei siste åtte dagane analysert 2140 prøver og 16 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 256 prøver og tre av prøvene er positiv. Det viser Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Årdal og Lærdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Så langt denne veka har sju prøver vore positive. I tillegg til dei tre positive prøvene torsdag, var tre av dei 273 analyserte prøvene onsdag positive. Desse var tatt i Kinn og Lærdal. I tillegg var ei prøve positiv måndag. Denne var tatt i Sunnfjord.

16 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 2. september og torsdag 9. september, har Helse Førde analysert 2140 prøver. Av desse 2140 analyserte prøvene har 16 vore positive.

Torsdag 2. september er den med flest positive prøver i denne perioden med fire positive. Søndag 5. september og tysdag 7. september er dagar utan positive prøver.

Torsdag 02. september: 4 nye av 412 analyserte prøver

Fredag 03. september: 3 nye av 297 prøver

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag morgon er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.