Torbjørn Vereide, 1. kandidat til Sogn og Fjordane Ap:

–Vi vil ikkje ha eit todelt helsevesen

– Helse er viktig for alle, og hadde fortent eit langt større fokus i årets valkamp.

Helse: - For oss er det viktig at vi unngår ei todeling av helsevesenet, der dei med tjukkast lommebok kan kjøpe seg fram i køen, seier Torbjørn Vereide og Siri Sandvik, høvesvis 1. og 4. kandidat for Sogn og Fjordane Ap til Stortinget. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Arbeidarpartiet sin 1.-kandidat i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide, som meiner at eit felles offentleg helseteneste styrt av fellesskapet og finansiert av det offentlege er det beste forsvaret mot auka forskjellar i det norske samfunnet.