Smitteutbrot i nabokommunar - no er Ørsta på smittetoppen i landet

Ingen nye positive prøver

Helse Førde melder om berre negative prøver etter at 452 prøver vart analysert tysdag.

Helse Førde har analysert 2319 prøver dei siste åtte dagane og 16 av prøvene har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 452 prøver og alle desse prøvene er negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon.

Dette betyr at det så langt denne veka har vore ei positiv prøve. Denne er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

16 positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom tysdag 31. august og tysdag 7. september, har Helse Førde analysert 2319. Av desse analyserte prøvene har 16 vore positive.

Tysdag 31. august og torsdag 2. september er dagane med flest positive prøver i løpet av desse åtte dagane med fire positive. Både søndag 5. september og tysdag 7. september er dagane utan positive prøver.

Tysdag 31. august: 4 nye av 429 analyserte prøver

Onsdag 01. september: 2 nye av 279 analyserte prøver

Torsdag 02. september: 4 nye av 412 analyserte prøver

Fredag 03. september: 3 nye av 297 prøver

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ørsta og Volda

Volda kommune melder på sine nettsider at ein person har fått stadfesta covid-19 smitte etter testing. Vedkomande er nærkontakt til kjent smittetilfelle. Smittetilfelle har råka Volda ungdomsskule, og føresette til elevane som må teste seg har fått melding. Elevar skal også teste seg i dag, melder kommunen. Volda ungdomsskule er framleis på grønt nivå, men Volda kommune følgjer utviklinga og vil gå over til gult nivå om det vert nødvendig.

Ørsta kommune fekk melding om elleve nye smittetilfelle tysdag. Tre nye klasser ved Volda vidaregåande skule er råka. Smitten stammar frå utbrotet i Ørsta.

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er 117 personar registrert smitta i løpet av dei siste to vekene. Per 100.000 innbyggjarar er dette 1080,3, som per no er høgast i landet. Ørsta er med det mørkeraudt på kartet.

Utbrotet i Vanylven

Vanylven har også eit smitteutbrot for tida, men tysdag kunne kommunen melde om at ingen nye hadde testa positivt. Status per 6. september var at 57 personar har fått stadfesta covid-19 i utbrotet så langt.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon er det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.