Regjeringa ventar med gjenopninga – hoppar seinare over trinn 4

(NPK-NTB): Regjeringa utset vidare gjenopning fram til delen fullvaksinerte er vesentleg høgare enn i dag. Då vil ein gå rett til normaltilstand.

Statsminister Erna Solberg under pressekonferansen om koronasituasjonen.   Foto: Ali Zare/NTB /NPK

Nyhende

– Sjølv om vi no blir ståande på trinn 3, er vi på veg til ein normal kvardag med auka beredskap. Når vi kjem dit, og vi har fått betre kontroll over situasjonen i skulane, er vurderinga at vi kan gå rett dit. Omsett: det blir ikkje noko trinn 4, seier statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse torsdag.