Fire nye positive prøver

Helse Førde melder om fire nye positive prøver etter at 429 prøver vart analysert tysdag. Dette er andre dagen på rad at Helse Førde melder om nye positive prøver.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 2098 prøver og av desse har 19 prøver vore positive.  

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 31. august 429 prøver og fire av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei fire positive prøvene er tatt i Hyllestad, Årdal og Sogndal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

For dei som følgjer med på VG sine oppdaterte tal viser dei ein ny registrert smitta i og frå Stad i går. VG brukar smittetal frå FHI, som plasserer dei smitta etter kvar dei er folkeregistrert, medan kommunane ofte tel dei som bur eller oppheld seg i kommunen. Fjordabladet har vore i kontakt med kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld som fortel at han ikkje kjenner til nye smittetilfelle i Stad, så dette er truleg nokon som oppheld seg andre stadar i landet. Ifølgje VG er det no totalt 191 personar i og frå Stad som har blitt registrert som covid-19 smitta.

19 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 24. august og tysdag 31. august, har Helse Førde analysert 2098 prøver. Av desse 2098 prøvene har 19 vore positive.

Dagen med flest positive i løpet av dei siste åtte dagane er onsdag 25. august med fem positive. Både fredag 27. august og søndag 29. august har vore dagar utan positive prøver.

Tysdag 24. august: 3 nye av 367 analyserte prøver

Onsdag 25. august: 5 nye av 283 analyserte prøver

Torsdag 26. august: 3 nye av 314 analyserte prøver

Fredag 27. august: 0 nye av 210 analyserte prøver

Laurdag 28. august: 2 nye av 186 analyserte prøver

Søndag 29. august: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 30. august: 2 nye av 253 analyserte prøver

Tysdag 31. august: 4 nye av 429 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Utbrotet i Ørsta

Ifølgje Ørsta kommune sine nettsider fekk kommunen melding om 14 nye positive smittetilfelle tysdag kveld. Totalt vart det meldt om 22 nye smittetilfelle i kommunen tysdag, og smittevegen for desse er kjend og kjem frå utbrotet i Ørsta.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon er tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.

Ny rekord

Ifølgje MSIS er det registrert 1796 nye koronasmitta det siste døgnet, noko som er det høgaste talet på eit døgn så langt i pandemien. Førre rekord var 1552 nye registrerte smittetilfelle og kom fredag sist veke.