Vi inviterer til valdebatt

Fjordabladet arrangerer valdebatt torsdag 2. september, der alle ni partia som i dag er representert på Stortinget stiller.

Arrangerer: Lokalavisa Fjordabladet arrangerer valdebatt på Sjøkanten Cafe torsdag 2. september. – Valdebatten vert også direkte overført på fjordabladet.no, fortel redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes og Tormod Flatebø som vil leie debatten. Tormod Flatebø 

Nyhende

Valdebatten vert halden på Sjøkanten Cafe på Alti Nordfjord.

– Vi er opptatt av den demokratiske retten vi har, og kven som blir våre nye ombodskvinner – og menn på Stortinget. Det er viktig å bruke stemmeretten sin, om ikkje ein brukar den nyttar det ikkje å kome etterpå å klage, seier redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

Lokalt preg

Debattleiar vert journalist Tormod Flatebø.

– Det blir mange ulike tema av stor interesse og med lokal vinkling på ting, lovar dei.

På debatten stiller stort sett alle førstekandidatar frå H, Frp, V, KrF, Sp, Ap, SV, Raudt og MPG.

Valdebatten vert halden på Sjøkanten Cafe på Alti Nordfjord.

Redaktør Nilsen Stokkenes håper dette vil vere av stor interesse for mange. Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar på eit avgrensa område.

Valdebatten vert også direkte overført på fjordabladet.no, så om ein ikkje sjølv har høve til å fysisk møte opp på valdebatten kan ein følgje med heimanfrå.