Det er skatten vår som betaler for velferda vår

Med denne regjeringa sin politikk ser vi konturane av og draumen om Noreg som skatteparadis for dei rikaste. Då blir det smalhans for dei fleste av oss.

Raudt: Geir Oldeide er Raudt Sogn og Fjordane sin 1. kandidat til Stortinget.  Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Ser at klassekameratane H og NHO er ute og skriv om skatt og formueskatten spesielt.

Dei samla skattane våre er det som finansierer velferda vår. Det er den som gjer at alle kan sende borna sine på skulen, som sikrar at eg og du kan vere trygge på at vi får legehjelp når vi treng. Uansett kor mykje eller lite pengar vi har på kortet. Og dersom vi skal få til gratis tannhelse for alle eller betre forholda for familiane til alle dei 115 tusen barna som veks opp i fattigdom i Noreg så må vi rett og slett sørge for at det kjem inn nok pengar i felleskassa. Og det må skje på ein rettferdig måte. Kva er ein rettferdig skatt? Etter Raudt sitt syn er det at alle bidreg etter evne. Dersom du tener godt må du betale inn meir enn dei som betaler mindre. Slik er det ikkje no. Dei rikaste i

Noreg betaler mykje mindre i skatt pr krone enn oss vanlege. Og denne regjeringa har gjort dette forholdet endå skeivare enn det var. Vi vil ikkje auke skattane for dei som tener under 600 000. Vi vil auke skatten litt for dei mellom 650 000 og 1 mill. Og auke den meir for dei som tener over 1 mill.

Og så ser vi igjen at den feilaktige myten om den særnorske formueskatten blir spreidd. Formueskatten er ein personleg skatt på dei som har formue. Er du busett i Noreg og har formue må du skatte av den til Noreg. Er du utlending og har formue i Noreg må du skatte til heimlandet ditt. Sånn er det og sånn skal det vere. Eig du ei leilegheit i Spania må du skatte for den i Noreg. Så utlendingar som eig norske bedrifter skattar i sine heimland for det. Og det er slett ikkje slik at Noreg er det landet som har den hardaste formueskatten. Tall frå OECD syner at mange land skattar eigedom og formue langt sterkare enn vi gjer her i landet.

Skal vi oppretthalde og forbetre det fellesskapet vi er så stolte av i Noreg så må vi rette opp skattepolitikken vår. Med denne regjeringa sin politikk ser vi konturane av og draumen om Noreg som skatteparadis for dei rikaste. Då blir det smalhans for dei fleste av oss.