Snipp, snapp, snute, så var oljeeventyret ute

Å slutte å leite etter olje og gass no, er det einaste ansvarlege.

Mariel Eikeset Koren, er 2. kandidat Miljøpartiet De Grønne (MDG) i Sogn og Fjordane og Marius Langballe Dalin, er 1. kandidat MDG Sogn og Fjordane.   Foto: Privat

Nyhende

FN har talt – oljenæringa må bli historie, og det fort. Rapporten frå det internasjonale klimapanelet viser at klimaendringane er her. NVE uroar seg. Fleire vil kunne oppleve tørre brønnar. Når denne vêrtypen held vil situasjonen bli forverra. Vi veit at dette er dødsstøyten for olje, gass og kol. Samstundes går den oljesvarte banden fram med faner om full fres på norsk sokkel.

Sjokket og frustrasjonen over norsk likesæle i møtet med klimaendringane førte i førre veke til at over 2500 menneske meldte seg inn i MDG. Sjølv om bakteppet er dystert og skremande, gjev straumen av nye medlemmar håp for framtida. Det er oppløftande å sjå så mange engasjere seg, og det syner at fleire og fleire krev at Noreg tek ansvar i klimapolitikken. Samtidig er det eit bratt fjell å gå opp når fossilpartia på Stortinget går imot alle dei verkeleg effektive klimatiltaka, og vil halde fram å pumpe opp olje til langt etter 2050.

For det er realiteten i politikken stortingsfleirtalet fører. Dersom vi leiter etter ny olje og gass i 2022, vil dei nye felta vere operative til langt ut på 2060-talet. Det er ikkje i tråd med klimamåla verda har blitt einige om. EU-landa skal til netto null i 2050, og etter dette skal dei ha negative utslepp. La det ikkje vere nokon tvil, det er rett og slett ikkje mogleg å byggje trygge, grøne jobbar og løyse klimakrisa med oljekranene på vidt gap.

Difor vil vi i MDG slutte å leite etter meir olje og gass. Dersom vi ikkje byrjar omstillinga ordentleg no, kjem petroleumsjobbane på Vestlandet til å forsvinne med eit brak den dagen etterspørselen går gjennom golvet. Våre viktigaste handelspartnarar og naboland set meir ambisiøse klimamål enn oss og jobbar aktivt for å fjerne avhengigheita av fossilt drivstoff. Det vil føre til lågare etterspørsel. Regjeringa har sjølv sagt at 50 000 jobbar står i fare dersom oljeprisen søkk til 50 dollar. Den økonomiske risikoen kjem berre til å auke og auke i åra som kjem.

Å slutte å leite etter olje og gass no, er det einaste ansvarlege. Om vi trekker i bremsa, kan vi bruke alle dei kloke hovuda som i dag jobbar i ein døyande industri til å finne løysingane vi skal leve av i framtida. Vestlandet kan bli motoren i den nye norske økonomien. Men då må vi satse massivt no, på grøn skipsfart, biokol og annan grøn industri som tek i bruk naturressursane på ein berekraftig måte. Om vi held fram å leve i trua på at oljeeventyret aldri tek slutt, vil rullegardina verkeleg gå ned for mange lenge før dagen det siste gassblusset i Nordsjøen blir sløkt.

Miljøpartiet Dei Grøne er det einaste partiet som er ærlege om kva som må skje framover, og vi kjem ikkje til å la oljeavhengige lokalsamfunn i stikka når vi skal løyse klimakrisa. Det er vi som kjem med løysingar som gjev Vestlandet ei trygg framtid. Difor bør du stemme på Miljøpartiet Dei Grøne ved årets stortingsval!