Kvifor stemme Partiet Sentrum?

Valdagen 13. september 2021 håpar eg vil gå inn i historiebøkene som ein dag der vi i Norge gjorde eit verkeleg verdi-og miljøval. Vi treng ny politikk med eit blokkuavhengig parti i Sentrum!

Gunnvor Sunde er 1. kandidat til Stortinget for partiet Sentrum i Sogn og Fjordane.   Foto: Privat

Nyhende

Partiet Sentrum tenkjer heilskapleg politikk. Vi er ikkje radikalisert korkje til høgre eller venstre, vi er det verkelege Sentrumsalternativet. Vi vil inkludere, skape og dele. Vi vil ha en ansvarleg miljøpolitikk og en ansvarleg flyktningpolitikk. Partiet Sentrum er kome for å bli og påverke avgjerdene som vil påverke i generasjonar.

Det nye Sentrum tenkjer heilskapleg miljø-og sosialpolitikk. Vi vil ta vare på både menneska og ressursane. Difor vil vi setje av 140 milliardar til grøn omstilling med balanse mellom privat og offentleg sektor med arbeidsplassar og busetnad i heile landet.

Partiet Sentrum fekk denne veka terningkast 6 for den psykiske helsepolitikken vår. Korleis kan då noken seie at vi ikkje skal på Stortinget? Når psykisk helse er så viktig for oss alle og utanforskapen er aukande. Det er no 100.000 som ikkje kjem seg inn på arbeidsmarknaden. Vi har passert 100 milliardar i uføreutbetaling på eit år med 20.000 unge uføre, der 6% av elevane går rett over i uføre etter vidaregåande skule. Dette må gjerast noke med.

Valdagen 13. september 2021 håpar eg vil gå inn i historiebøkene som ein dag der vi i Norge gjorde eit verkeleg verdi-og miljøval. Vi treng ny politikk med eit blokkuavhengig parti i sentrum!