Ingen nye positive prøver

Tysdag morgon melder Helse Førde om berre negative prøver etter at 180 prøver vart analysert.

Helse Førde melder tysdag morgon om berre negative prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 180 prøver og ingen av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom måndag 16. august og måndag 23. august, har Helse Førde analysert 2001 prøver. Av desse analyserte prøvene har 55 vore positive.

Måndag 23. august er einaste dag med berre negative prøver i løpet av desse dagane. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er tysdag 17. august med 27 positive.

Måndag 16. august: 8 nye av 271 analyserte prøver

Tysdag 17. august: 27 nye av 405 analyserte prøver

Onsdag 18. august: 5 nye av 218 analyserte prøver

Torsdag 19. august: 6 nye av 294 analyserte prøver

Fredag 20. august: 3 nye av 308 analyserte prøver

Laurdag 21. august: 5 nye av 188 analyserte prøver

Søndag 22. august: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 23. august: 0 nye av 180 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ikkje påvist fleire smittetilfelle

Fjordabladet skreiv måndag om smittesituasjonen rundt om i nabokommunane, der det for tida har vore nye smittetilfelle og fleire av kommunane er merka raudt på VG sitt kart. Stryn kommune er blant desse, men meldte måndag ettermiddag at det ikkje er påvist fleire smittetilfelle.


Dette er status: smitte i fleire barnehagar og skular

Fleire nabokommunar er raude

Medan Stad kommune no er gult på kartet, er fleire av nabokommunane raude.


Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Helse Førde sine tal viser derimot at ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmeld på grunn av korona. Totalt ni tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.