Helse Førde:

Sju nye positive koronaprøver

Av 408 analyserte prøver måndag 9. august var sju positive  for covid-19.
Nyhende

Det viser oppdatert informasjon frå Helse Førde klokka 08.00 tysdag dag 10. august. Prøvetakingskommune for positiv prøve av nyaste dato: Sogndal, Stryn, Sunnfjord, Årdal.

Ein pasient er innlagd på sjukehus med stadfesta covid-19-smitte i Helse Førde. I løpet av den siste veka er det registrert totalt 109 positive prøver i Helse Førde sitt område. I den same perioden er det analysert 2.762 prøver.

Tysdag 03. august: 5 nye av 349 analyserte prøver

Onsdag 04. august: 22 nye av 404 analyserte prøver

Torsdag 05. august: 21 nye av 519 analyserte prøver

Fredag 06. august: 18 nye av 372 analyserte prøver

Laurdag 07. august: 22 nye av 391 analyserte prøver

Søndag 08. august: 14 nye av 319 analyserte prøver

Måndag 09. august: 7 nye av 408 analyserte prøver

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.