Debatt

Svar til Bjørlo

Det var mange som var sjokkerte etter at regjeringa til Bjørlo ikkje prioriterte verken ny Strynefjellstunell i framlegget til nasjonal transportplan, eller Stad Skipstunell i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Så Bjørlo, kanskje det er naudsynt å brumle litt av og til ?

Sigurd Reksnes er stortingskandidat Sogn og Fjordane Senterparti.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Det er i alle høve ikkje Venstre og regjeringa å takke at Stad skipstunnel vert bygd, og at ny tunnel over Strynefjellet er inne i nasjonal transportplan. Dei kom på plass etter at Senterpartiet i lag med Frp og resten av opposisjonen på Stortinget etablerte fleirtal for desse viktige prosjekta, og dermed tvinga regjeringa på plass. Eg vil kalle dette eit godt døme på politisk handlekraft.


Meiningar

Slutt med dobbeltkommunikasjonen, Alfred

Kanskje Bjørlo veit at meir av Høgre, Frp, Venstre og Krf sin sentraliserings politikk er dårleg nytt for Nordfjord?



Debatt

Handling, ikkje brumling

Framtida blir skapt med handling og å vere i forkant av utviklinga. Difor har vi lukkast dei siste åra i Eid/Stad og Nordfjord. Difor ynskjer eg å kome på Stortinget for å ta denne kampen vidare nasjonalt. Eg vil på Stortinget for å handle, ikkje for å brumle.


Historieforteljinga til Bjørlo vert riv ruskande gale når Bjørlo skriv at Venstre har støtta desse prosjekta heilhjarta. Det er så feil som det kan bli.

Det viktigaste er uansett at desse prosjekta vert realiserte. Regjeringa har dei siste åra vist kor lite dei er viljuge til å satse på Nordfjord. Så får folk avgjere i valet til hausten om dei vil ha meir av dette, eller om det er på tide å prøve noko nytt. Eg lovar i allefall å brumle i veg i alle saker som er viktige for folk i Nordfjord framover også.