Ein sport som aukar i popularitet

Får kick av freerunning

For Martin Heimsæter og Thor Hammerseth starta det heile med triks og saltoar på trampoline. Så trengte dei nye hinder og danna ei freerunning-gruppe på tre personar i 2017. I dag hoppar dei ut frå kantar og hinder som dei kjem over ute i naturen, sjølvsagt med kameraet på slep.

FREERUNNING: Thor Hammerseth (t.v.) og Martin Heimsæter (t.h.) har danna ei gruppe saman med Julian Adelsten og saman driv dei med freerunning og parkour – truleg som einaste gruppe på Nordfjordeid.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Freerunning og Parkour oppstod for mange år sidan i urbane bymiljø og har dei siste åra blitt meir og meir populært rundt om i verda, også i Norge. Sporten består av samansette akrobatiske bevegelsar, hopp og triks frå kantar, gjerde, trapper og hinder. Medan parkour gjerne handlar om å kome seg frå A til B på den mest effektive måten, er freerunning meir fritt og ein kan på vegen gjere spins og flips. I dei større byane i Norge er det laga til større anlegg med hinder og klatring både ute og inne. Nokre stadar drivast det også med organisert trening.