Ein ny person i Stad er smitta

Ein ny person er sett i isolasjon etter at vedkomande testa positivt for covid-19.

Ein ny person har fått stadfesta covid-19 etter testing på Nordfjordeid.  

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding er ein ny person stadfesta covid-19 smitta etter testing på Nordfjordeid. Det var fredag kveld at restresultatet viste positivt. Personen er sett i isolasjon.

Den stadfesta smitta personen testa seg etter opplysningar om nærkontakt med ein smitta i Oslo før reise til Stad. Ein nærkontakt er sett i karantene og Stad kommune melder at smittesporinga er avslutta.