Sjå bilde og video frå konsertane fredag

Ein magisk kveld – artistane og publikum strålte om kapp

Fredag var det nye konsertar i Amfiet då Malin Pettersen, Ruben og Dagny stod på scena. Bursdagsfeiring og feiring av livet vart det også.

Fredag var kveld nummer to i Amfiet, og blant artistane som stod på scena var Ruben. Han tok seg også ein tur ut i publikum under låten Lay By Me.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Fredag kveld var det klart for den andre kvelden på rad med konsertar i Amfiet. Denne festivaldagen var blant det som vart først utselt i år. Med artistar som Malin Pettersen, Ruben og Dagny låg det an til å bli ein bra kveld. Det vart det, og artistane og publikummet på 800 strålte om kapp. Det var tydeleg at konsertar har mangla i liva til publikum og artistane dei siste månadane.