14 positive prøver - ny smitte i Stad

Fredag morgon melder Helse Førde om 14 nye positive prøver. Dette er det høgste talet på positive prøver på lenge.

Helse Førde melder fredag om 14 nye positive prøver. Dette er det høgste talet på lang tid.   Foto: arkiv

Nyhende

Helse Førde analyserte 374 prøver og 14 av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei 14 positive prøvene er tatt i Sogndal, Luster, Stad og Vik. Det er eit smitteutbrot i Sogn for tida.

Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

VG sine oppdaterte tal viser at ein ny person frå Stad vart registrert smitta av covid-19 torsdag. Totalt er talet på smitta i Stad 171 personar.

Denne veka

Så langt denne veka har Helse Førde analysert 1072 prøver og 19 av prøvene har vore positive. I tillegg til dei 14 positive prøvene torsdag, var to prøver positive måndag, to positive av 330 analyserte prøver tysdag og ei var positiv onsdag.

Med andre ord har det ikkje vore ein dag denne veka utan positive prøver. Ein må tilbake til søndag 18. juli for å finne ein dag med berre negative prøver.

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom torsdag 15. juli og torsdag 22. juli, har Helse Førde analysert 1580 prøver. 20 av desse har vore positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.