Aviv Takserman og Kim Ole Sørland

Var med og sykle inn 12 millionar kroner

Aviv Takserman og Kim Ole Sørland har brukt mange feriedagar på sykkelsetet. Dei to frå Nordfjordeid har dei siste dagane vore med og sykla inn 12 millionar kroner til Barnekreftforeningen.

I FORM: Aviv Takserman og Kim Ole Sørland var med og sykla inn 12 millionar kroner til Barnekreftforeningen då dei trakka seg frå Bergen til Trondheim. 

Eg bestemte meg for å bli med på dette etter at vi hadde hatt familieråd i fjor haust

Aviv Taksermann
Nyhende

Laurdag ettermiddag var dei to, resten av teamet og regionlag frå heile Norge framme i Trondheim. Det markerte avslutninga på ein sykkeltur som blei innleia i Bergen for halvannan veke sidan. Dei to lokale slitarane var ein del av Team Rynkeby Vestland. Aviv fortel til Fjordabladet at dei hadde ein fantastisk tur, og at det kjennast godt å få bidra til eit så bra formål som det Barnekreftforeningen faktisk er.