Stor interesse for lokalmat

Aldri før har interessa for lokalmat vore like stor som no.

Interessa for lokalmat har auka kraftig den siste tida.  Foto: Kari Hamre / NPK

Nyhende

I fjor vart det seld lokalmat og drikke for 12 milliardar kroner, ein auke på nesten 13 prosent frå året før. På Byrkjelo i Gloppen kommune i Vestland, har lokalmatbutikken ei omsetning på ein million kroner i veka no i sommar.