– Det er veldig kjekt å vere på Nordfjordeid og spele i så spektakulære omgjevnadar

Tysdag kveld laga det norske bandet Real Ones litt magi i Sagastad med ein miks av folk, rock, elektronika, country og litt pop.

Tysdag kveld hadde Real Ones konsert i Sagastad, som del av MiniMalakoff-veka. Konserten var utselt og publkum fekk med seg ein flott konsert. Fleire Fjordabladet snakka med etter konserten kalla det «fantastisk».   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Det norske bandet Real Ones har imponert publikum og kritikarar med sine livekonsertar og plater gjennom over 25 år. Faktisk har Dagbladet konstatert at dei er Norges beste liveband.