– Folk har vore veldig flinke til å handle med oss

Det har gjennom fleire år vore gode mogelegheiter til å skaffe det meste relatert til kjæledyr hjå Pets på Nordfjordeid. Det siste året har dei tilsette sett ei n auke i nye hundeeigarar som spør om tips og råd.

Kabiito Amundsen (t.v), Camilla Nesheim, May Liza Johansen og Malin Cecilie Nesheim Aardalsbakke har det kjekt på butikken sentralt på Nordfjordeid.   Foto: Frithjof Silden

Vi har merka oss at det stadig er nye hundeeigarar som kjem innom

Nyhende

I 2008 kjøpte Camilla Nesheim og May Liza Johansen forretninga. Sidan den gang har dei vakse med eit stødig tempo. I dag får dei skryt frå mange som tykkjer det er kjekt med ein så stor dyrebutikk på ein ikkje fullt så stor plass.