Snart ei veke utan positive prøver

Helse Førde melder om nok ein dag med negative prøver. Dette er sjette dagen på rad utan positive prøver.

Det er no seks dagar sidan sist Helse Førde analyserte ei positiv prøve.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag 13. juli analyserte Helse Førde 138 prøver og alle var negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dette er sjette dagen på rad der Helse Førde melder om berre negative prøver.

Sist ei prøve var positiv var onsdag 7. juli, der to av 165 prøver var positive. Sist veke var tre av prøvene som Helse Førde analyserte positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i helseføretaket har hatt stadfesta smitte.