Ei ny positiv prøve

Helse Førde analyserte 224 prøver tysdag og ei av desse prøvene er positive. Dette er første positive prøva sidan fredag.

I løpet av dei åtte siste dagane har fire prøver vore positive, viser tala til Helse Førde.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 224 prøver og ei av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Kinn.

Dette er den første positive prøva sidan fredag 2. juli. Då var to av 137 analyserte prøver positive, og desse var tatt i Lærdal og Gloppen.

Fire positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom tysdag 29. juni og tysdag 6. juli, har Helse Førde analysert 1279 prøver. Av desse 1279 prøvene har fire prøver vore positive.

Tysdag 29. juni: 0 nye av 352 analyserte prøver

Onsdag 30. juni: 1 ny av 138 analyserte prøver

Torsdag 1. juli: 0 nye av 181 analyserte prøver

Fredag 2. juli: 2 nye av 137 analyserte prøver

Laurdag 3. juli: 0 nye av 102 analyserte prøver

Søndag 4. juli: 0 nye av 46 analyserte prøver

Måndag 5. juli: 0 nye av 99 analyserte prøver

Tysdag 6. juli: 1 ny av 224 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ein tilsett heime

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Ifølgje tala til Helse Førde er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.