Båt stole – politiet ønskjer opplysningar

Tysdag vart ein båt stole ved Torheimsvegen. Stad lensmannskontor ønskjer no opplysningar eller observasjonar.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Ifølgje Politiet i Nordfjord på Facebook vart ein båt med påhengsmotor stole tysdag rundt klokka 11:30. Båten skal ha blitt stole på Torheimsvegen i Stad.

Båten skal ha stått opp på ei låst båtvogn. Båten det er snakk om skal vere TAY063, ein 2006 modell kvit Bella 561 HT med blå kalesje. Båtmotoren var ein 2002 modell grå Honda 50 HK påhengsmotor. Båtvogna var UU3473, 2006 modell Gaupen båtvogn.

Stad lensmannskontor ønskjer no tips i saka, anten opplysningar eller observasjonar.